|
|
 |
Utedans
CRASHVILLE spelar på utedansen på Stordalscup i år!
Det Ørsta-baserte countrybandet slepte si første plate i vår, og berre ein månad etter toppa karane Norsk Country Radio si ti på topp-liste!
Debutalbumet ber den passande tittelen "Fyrste Reis", og består av eit knippe eigenproduserte låtar som er inspirert både av den tradisjonelle countrymusikken og av livet i heimbygda. Karane syng på klingande Ørsta-dialekt og ynskjer å skrive songar som folk kan kjenne seg att i. Gjennom åra har bandet fylt både små og store lokale over heile vestlandet, og no er dei klare til å ta resten av landet med storm. Crashville er i ferd med å etablere seg som eitt av Noreg sine fremste countryband.
Bandet består i dag av Svein Ivar Holen (gitar/vokal), Tom Andrè Holen (bass), Hans-Christian Humberset (el-gitar) og Øystein Nybø (trommer).
Sjå meir på heimesida til bandet: http://crashville.no/
Følg også Crashville på Facebook: http://www.facebook.com/crashvillenorge
|
|