Stordal IL

Historikk

Om Stordalscup

Stordalscup er først og fremst et tilbud til hele familien. Vi legger opp til at allle skal ha det gøy unnsett om du er fotballinteressert eller ikke. Kanskje vil mor heller finne kjempetilbud på loppemarket, salgmessa eller delta på auksjon av flotte møbler til spottpris. De yngste vil gjerne bruke tid på et variert og godt tivoli, istedenfor å trakke i helene på mor og far. Om kvelden blir det anledning til å få seg en svingom i friluft med topp danseorkester.

Her er litt av hva Stordalscup 2010 kunne by på:

  • Fotballturnering med nesten 100 deltakende lag
  • Bergstrøms tivoli
  • Seriekamp på Kirkebø Stadion fredag kveld
  • Ungdomsklubb med diskotek
  • Fotballpub i "Nilsgarden".
  • Tradisjonell utedans lørdagskvelden med live band
  • Stor utegrill - samt kiosk og kafè i storhallen
  • Salgstilbud/loppemarked/messe/møbelauksjon
  • Sceneunderholdning og radiosending
  • Gratis parkering og billig inngang

Historikk

Stordalscupen vart starta i 1980 av fotballgruppa. I førstninga var det turneringar to gonger i året - og berre for senior fotball. Etter kvart vart også damelag med på turneringa. I forbindelse med Stordalscup arrangerte gruppa dans på kafeen fredag og fest på ungdomshuset laurdagskvelden.

Ein jobba vidare med utviklinga av cupen og la vekt på å få til oppvisningskampar. Det var m.a. kampar der tidlegare elitespelarar, med Åge Hareide i spissen, møtte lag samansett av "lokale stjerner".

Stordalshallen stod ferdig i 1997, og arrangørane kunne fylle cupen med noko meir enn fotball og dans. Ein bestemte seg for å tilby tivoli på cupen og kjøpte også telt for utleige og til bruk på eigne større arrangement. Stordalscup vart eit utvida arrangement med både messe, politiske debattar med kjende og ukjende politikarar, og sosialt samvær.

Same året vart den første dansegallaen arrangert og den kjende gruppa Hellbillies kom hit. Kvar haust sidan har Stordalscup arrangert dansefest med bl.a. D.D.E, Vassendgutane, Dance with A Stranger og Ole Ivars.

Frå å vere ei fotballturnering berre for seniorar, har Stordalscup utvikla seg til ei stor aldersbestemt fotballturnering, også med innslag frå A-lag, Oldboys og damefotball. I tillegg til turnering med mange fotballag, har cupen loppemarked, messe, møbelauksjon, tivoli, utedans med live band, sceneunderhaldning, stor utegrill, kiosk og kafe.

Gjennom åra har utruleg mange lag frå heile landet turnert her, og laget har hatt besøk av mange fotballtalent. I 2002 besøkte proffspelar Jon Arne Riise Stordalscup. Han deltok aktivt på bana saman med fleire aldersbestemte lag som fekk eit minne frå livet. Seinare år har cupen hatt mykje besøk av AaFK-spelarar.

I alle år har arrangementet vore basert på dugnadsarbeid og frivillig innsats, og det vert gjort ein kjempeinnsats for å ta i mot alle dei besøkande. - Dei to siste åra har det vore 5 - 6 000 besøkande i løpet av helga. - I 2009 vart det sett ny rekord då det deltok 96 lag på fotballturneringa. I 2010 deltok 94 lag med over 900 spelarar mellom 7 og 16 år.

Stordalscupen vert arrangert i månadsskiftet juni/juli, og vergudane spelar på lag. Det vert sagt at under Stordalscupen er det garantert fint ver.

STØTTESPELARAR

Grasrotandelen
Alm Tekstil
Anitas Systue
Burgerking
Busengdal Transport

EK Bil




Kokarsteinen
Laktat
Nilsgardstunet


Sacco




Stordal Moebel

Stordalshallen
MESSEUTSTILLARAR 2017


Amjad Munir
Bente Sandven
Bertel O. Steen
Brito spekemat
Enjo
Forever Living
Freoeysagarden lakseprodukt
Hermod Sund - LAVO
InStordal
Jungeldyr
Koers M.A.T.T.
Leporello
LHL Skodje/Ørskog/Haram
Mental helse Stordal
Nonnene i Norddal
Oriflame
Perfect Home
Postpatron Norge AS

Stillasmontering
Stordal Arbeiderparti
Stordal Brannkorps
Stordal Fremskrittsparti
Stordal Hogre
Stordal KRF
Stordal og Liabygda pensjonistforening
Stordal Senterparti
Stordal Sogelag
Tupperware
Vekst Orskog
Verisure
VFF Art studio
Vilde Skaar Klock