Stordal IL

Stordalshelga 1.-3.10.2010

Skrive av: Erik Røkke
Innlagt den 08.08.2010

Hald av denne helga! Stordal IL Langrenn gjentar suksessen frå i fjor og vi vil invitere alle løparar i aldersgruppa 11-16 år (årgang 2000-1995) til langrennshelg i Stordal 1.-3. oktober (sjå her). Påmelding på minidrett.no eller sjå Møre og Romsdal Skikrets, terminliste. http://www.skiforbundet.no/kretser/more_romsdal/Sider/morerom.aspx

Eg vil kalle inn til eit møte i langrennsgruppa (foreldre og utøvarar) om kort tid med følgjande tema:

1. Supplering av overtrekksdressar. Eg vil få tak i prøver frå Sport 1 Tomra. Vi har fått nye medlemmar som sjølvsagt må ha klubbdressar. Vidare kan det vere høve for å bytte internt. 2. Gjennomgang av treningsplan for hausten.

3. Planlegging av Stordalshelga (treningsplan og funksjonærliste)

4. Evt. Kom med innspel (td smørekurs)!

Eg kjem tilbake med tidspunkt for møtet. Husk også påmelding til Skåla Opp (laurdag 14. aug). Vi har bestilt 4 hytter.

VÅRE SPONSORAR

Grasrotandelen
Coop Marked
Busengdal Transport
Pedro
Gjensidige
Sparebanken More
Orskog Energi