Stordal IL

Stordal IL 90 år

Skrive av: Vigdis Hove Øie
Innlagt den 27.05.2008

Som kjent er Stordal IL 90 år i år, og dette må sjølvsagt feirast og markerast på ulikt vis. I tillegg til at alle undergrupper i Stordal IL har markert - og vil fortsette å markere - jubileumet ved arrangement i 2008, har hovedstyret planlagt fleire markeringar i løpet av året.

Jubileumslogo
Det er tillaga ein jubileumslogo som ein prøver å bruke i ulike skriv m.v. no i jubileumsåret.

Artiklar
Ein har fått tillaga ein svart tynn fleecegenser med jubileumslogoen trykt på. Denne kan kjøpast av alle.

Turmarsj
Ein vil kombinere den årlege sommarmarsjen som Allidrettsgruppa arrangerer 25. mai med ein jubileumsmarsj der ein har 3 løypelengder og uttrekkspremiar mellom deltakarane.

Spesialutgåve av Stordalingen
Det er under arbeid ei spesialutgåve av magasinet Stordalingen der ein ser nærare på Stordal IL si historie og utvikling dei første 90 åra. Det er gjort ein omfattande jobb når det gjeld å dokumentere historia skriftleg, og det er lagt opp til å få med eit bra utval av bilder i magasinet, først og fremst historiske. Magasinet vert distribuert gratis til alle husstandar i Stordal, og vil vere ferdigstilt i god tid før sommarferien.

Baneopning
Det vert lagt opp til å ha ei offisiell opning av Kirkebø stadion - med kunstgras og ferdige løpebaner - fredag 27. juni (første dag av Stordalscup 2008).

Jubileumsfest
det er planlagt ein jubileumsfest m/sceneinnslag (musikk og ”revy”), matservering og dans med allround dansemusikk. Planlagt dato: 1. november.

BLI MED PÅ Å FEIRE STORDAL IL SINE FØRSTE 90 ÅR!

På bildet ser vi Sindre Helland i svevet i K50 under kretsrennet i Fjellbakken 8. mars i år.

Sindre Helland

Støttespelarar

Grasrotandelen
BEPA 3D-engineering
Busengdal Transport
Helland Møbler
Pedro Eiendom
Sparebanken More
Stordal Billag
Stordal Kommune
Stordal Mobler
Stordalshallen
Orskog Sparebank