|
Fredag startar med karnevalstog frå sentrum med Stordal Hornmusikk i fronten. Tema er norske eventyr.Vel framme på stadion vil det vere StordalsTalenter, ei musikkmønstring med lokale talent.
A-laget til Stordal spelar kamp mot Emblem, og som pauseinnsag vert det cheerleading med Hurricanes frå Ørskog.
Kvelden vert avslutta med konsert der to lokale band opprter. Lady Writers og Child's Play.
Laurdag startar sjølve turneringa.Over 90 lag er påmeldt, så her vert det liv og røre på fotballbana frå morgon til kveld i to dagar! Musikk vert det utover dagen, Ørskog Brass og Stordalsjenta Jenny Kristin Langlo er å finne på scena. Spelarar frå Aafk kjem, og Adventure Company Norway vil lage hinderløype for privat- og bedriftslag.
Det kjende dansebandet Vestnorge spelar opp til utedans laurdagskvelden.
Søndag kan dei med mot i brystet stable bruskasser; slår du rekorden på 21 kasser frå i fjor? Musikalske innslag vert det av Stordalingane Mats Rune Larsen, Jenny Marita Sørås og duoen Helene og Maria.
Bergströms Tivoli stiller med morosame karusellar og lover "sug i magen". Loppemarknaden har alltid noko du treng, og ønsker du noko nytt, finn du det kanskje i ei av dei mange salsbodene.
Nydeleg grillmat vert servert utanfor Stordalshallen, og skulle du få lyst på dessert, bugnar det av gode kaker inne i kafeen. Skal du satse på det sunne alternativ, finst det også frisk og fristande frukt å få kjøpt.
Meir detaljert program finn du her
Bruskassestabling - ein populær aktivitet i 2009
Cheerleading-gruppa Hurricanes frå Ørskog (foto Bjørn Steinar Skarbø, Bygdebladet)
|