|
|
 |
Historiske bronsemedaljer til G-16 laget i Norway Cup!
Skrive av:
Magne Tøsse Innlagt den 11.08.2010
Laget med 15 guttespelarar tok seg fram til ein historisk semifinale under årets Norway Cup i Oslo. Dermed vart det ein gedigen lagpokal og bronsemedaljer til kvar enkelt spelar i tillegg. Stordal IL gratulerer med den flotte prestasjonen som er den sterkaste gjennom tidene i Norway Cup for klubben vår. John Kristian Hjelle, som har vore trenar i ei årrekkje, fortjener også mykje ros for jobben han gjer med gutane! Under finn du namna til spelarane på det historiske til "Bronselaget 2010"...
Her er namna på det historiske
"Bronselaget anno 2010":
Bak frå venstre: Ole Jacob, Trond Marius, Andreas, Espen, Robert, Kjetil, Ole Øyvind, Jørgen, Ole Henrik, Magnus, Kristian, Eirik, Paul Ivar. Framme frå venstre: Ola og Joon. (Olav Rune var der ikkje då dette biletet vart teke)
For detaljer om kampane sjekk http://www.stordal.nu/index.php?option=com_content&task=view&id=1617&Itemid=1
|
|