|
|
 |
Den forsvunne møteprotokollen...
Skrive av:
Vigdis Hove Øie Innlagt den 20.12.2007
Har du den gamle møteprotokollen til Stordal idrettslag liggande?
Vi har den siste årsmøteboka til Idrettslaget - dei siste 30 åra frå 1976. Men kvar er boka med dei første 60 åra 1918 – 1975 ?????
Finnarlønn til den som kjem att med årsmøteboka (som har vore vekk ei god stund). Leit ein runde ekstra i kjellar og på loft. Vi treng boka for å dokumentere historia til Stordal IL gjennom 90 år. Boka er som ei protokollbok; litt smal og høg, heller tynn, ho har ein svart og "ruglete" perm.
Dersom du har gamle notiser/ tekstar og bilder frå Idrettslagets historie som du trur kan brukast til jubileumsavis / nettside etc. er vi også interessert i det.
Gi beskjed til oss i Hovedstyret. SIL, postboks 76, 6259 Stordal
|
|