Stordal IL

Politiattest

POLITIATTESTAR I IDRETTEN

Styret i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) har vedtatt at all norsk idrett skal krevje politiattest mot seksuelle overgrep mot born. Ordninga gjeld for alle som skal utføre oppgåver som i vesentleg grad inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige og personar med utviklingshemming. Ordninga trådde i kraft 1. januar 2009. Idrettsstyret meiner at ein felles praksis i heile idretten best mogleg sikrar hensynet til borna, hensynet til personvern og hensynet til organisasjonen. Klikk på linken nedanfor for nærare informasjon om dette.

Stordal IL har godkjente politiattestar for alle i vår organisasjon som har eit vesentleg tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige og personar med utviklingshemming. Stordal IL har også innført rutiner som sikrar at politiattest vil bli innhenta for nye personar som kjem inn i organisasjonen og som blir omfatta av regelverket.

På denne måten sikrar vi at vi opererer i tråd med idrettens vedtekter og gjer det vi kan for å førebygge meiningslause overgrep.

Det er leiar av Stordal IL som er ansvarleg for å handtere dette, og kontaktperson i saker vedrørande politiattestar.
Vara kontaktperson er Elin Amdam.

Detaljerte retningslinjer og skjema for søknad om politiattest finn dykk her: www.idrett.no/politiattest

Med sportseg helsing
Vigdis Hove Øie
Leiar
Stordal Idrottslag

Støttespelarar

Grasrotandelen
Tafjord
BEPA 3D-engineering
Busengdal Transport
Helland Møbler
Pedro Eiendom
Sparebanken More
Stordal Billag
Stordal Kommune
Stordal Mobler
Stordalshallen
Orskog Sparebank