|
|
 |
Vellukka treningssamling
Skrive av:
John Kristian Hjelle Innlagt den 27.01.2011
Laurdag 8. januar var det treningssamling i Fjellbakken. Om lag 20 hopparar frå Stryn til Nordmøre var med på samlinga som gjekk under ypperlege forhold.
Hopparane fekk mange hopp under dei optimale forholda, både i dei små og dei store bakkane. Med trenar som følgde med og ga tilbakemelding og instruksjonar mellom hoppa fekk hopparane god oppfølging, og vi trur nok samlinga var vellukka med tanke på dei aktive si utvikling.
Sjå bilde frå samlinga i bildegalleriet (sjå menyen til venstre - VERT LAGT INN SNART)
Bilde: Det smakte godt med litt varm mat mellom øktene.
|
|