Stordal IL

Tommy med siger i NorgesCupen!

Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 22.03.2011

Etter å ha tatt steget opp i Elitegruppa i NorgesCupen tidlegare i år vann Tommy sitt første renn i NC søndag. Det skjedde i Bavallen på Voss, der avslutningsrenna i NC for sesongen vart avvikla denne helga.

I rennet på laurdag hamna han på delt 4. plass med hopp på 98,5 og 99 meter, 10,5 poeng bak vinnaren Espen Engen Halvorsen.
Søndag smelte han til med eit hopp på 105,5 og eit på 100,5 meter, noko som sikra han sigeren 3,5 poeng framfor Vegard Swensen. I tillegg sette han med hoppet på 105,5 meter bakkerekord i Bavallen!

No står det berre att NM normalbakke i Sprova 26. mars for Tommy, så er ein veldig oppløftande og resultatsterk sesong over.

Dei gode resultata har gitt Tommy skikkeleg motivasjon for vidare satsing, og han seier at han no når han i år er ferdig på NTG Lillehammer vil verte verande på Lillehammer og satse på å komme med i Elitegruppa til Lillehammerhopp. Han trenar allereie en del med dei, og trur han har god sjanse til det. Det er mogleg han skal kombinere dette med å gå på skule, men mest sannsynleg vil han finne seg ein jobb ved sidan av hoppsatsinga for å greie å finansiere den.

Vi gratulerer Tommy med sigeren på Voss, og lykke til i Sprova og med satsinga vidare!

Bilde: Tommy på bommen som nr. 12 utfor i Vikersund 9. februar i år. Foto frå NRK.

Tommy i Vikersund

VÅRE SPONSORAR

Grasrotandelen
Busengdal Transport AS
Coop Marked
Helland Moebler
Sparrebanken Moere
Storfjordnytt
Sunnmorsposten