Stordal IL

Solan Gundersen

Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 10.03.2011

Denne helga er det dei tradisjonelle "Solan Gundersens vinterleker" i Alvdal.
Dette er hovudrennet i hopp og kombinert for 12-, 13- og 14-åringane i Noreg.
Stordal IL stiller med deltakarar der også i år.

Dei som deltek er Petter Løset Skodjereite i 12-årsklassa, og Gunn Eli hjelle i 13-årsklassa.
I tillegg er Rishi Vellupillai frå Liabygda med i 14-årsklassa.
Petter stiller både i hopp og kombinert, medan Gunn Eli og Rishi stiller i hopp.

Dei reiste til Alvdal allereie i dag tidleg, for å få trene i bakkane no i dag torsdag.

Først ute i konkurranse er Petter i kombinert, der hoppdelen er i morgon fredag 11. mars kl. 10.00, med langrennet kl. 16.15. Det vert spennande å sjå korleis Petter hevdar seg mot 25 konkurrentar frå heile landet, mellom konkurrentane er også Aleksander Skoglund frå MOI som han har hatt fleire "lokale" duellar med i kombinert tidlegare.

Laurdag 12. mars er det hopp for alle, med start kl. 10.00. Petter og Gunn Eli hoppar i K35, medan Rishi hoppar i K52.

  • I klassa Gutar 12 år er det heile 41 startande.
  • I klassa Jenter 13 år er det 5 startande. Fleire av dei Gunn Eli møter her har vore med og hoppa i fleire år.
  • I klassa Gutar 14 år er det 32 startande (Rishi er seeda som nr. 3).

Link til Alvdal IL sine nettsider

Solan Gundersen

VÅRE SPONSORAR

Grasrotandelen
Busengdal Transport AS
Coop Marked
Helland Moebler
Sparrebanken Moere
Storfjordnytt
Sunnmorsposten