Stordal IL

Sesongen i gong!

Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 10.12.2011

Etter ein heller snøfattig seinhaust kom snøen til gangs tidlegare i veka.
I Fjellbakken er dei to største bakkane no preparert, og torsdag kveld vart dei første hoppa for sesongen unnagjort.

Førebels er det berre dei to største bakkane som er klargjort, men ein planlegg å ta også dei tre minste så snart som mogleg.
Vi kjem attende med meir når det gjeld treningstider etc.

Denne helga er det RC-renn i Folldal, der Petter og Rishi er med (eit renn laurdag og eit søndag). Vi ønskjer dei lykke til!

Bildet er teke frå prepareringa tidlegare i veka. Det var heile 115 cm med snø på toppen av K70, der bildet er teke frå.

Fjellbakken

VÅRE SPONSORAR

Grasrotandelen
Busengdal Transport AS
Coop Marked
Helland Moebler
Sparrebanken Moere
Storfjordnytt
Sunnmorsposten