Stordal IL

Resultat Showrenn 19. april

Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 06.05.2008

Fin avslutning på sesongen!

Laurdag 19. april arrangerte hoppgruppa Showrenn i Fjellbakken, og med eit nydeleg vårvèr kombinert med rikeleg med snø vart det ei kjekk og morosam avslutning på sesongen. Det vart hoppa i alle bakkane unnateke 18-meteren, og det var med deltakarar frå Stordal, Liabygda, Hornindal, Sykkylven og Velledalen. Til slutt i rennet var det eigen konkurranse i open klasse i K50, der ein skilte på kva avsats ein starta på etter alder. Den yngste som stilte der var Marius Helgesen som fyller 8 år i år, den eldste, Kåre Holmen, er 60 år eldre og stiller normalt i klasse 65-69 år. Kåre Holmen vart også den heldige vinnaren av ein stol frå Helland Møbler, uttrekt mellom alle deltakarane.

Sjå resultat frå hopprennet her.

Hedda Helland, Nicolas Helland Helgesen og Mali Helland Hjelmseth

VÅRE SPONSORAR

Grasrotandelen
Busengdal Transport AS
Coop Marked
Helland Moebler
Sparrebanken Moere
Storfjordnytt
Sunnmorsposten