Stordal IL

Resultat Kretsrenn 7. februar 2009

Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 07.02.2009

Kretsrennet i Fjellbakken i dag 7. februar vart avvikla under ypperlege tilhøve, med 35 startande i ulike klassar, og med 14 deltakarar i kombinert.

Alle dei 5 bakkane var i bruk under rennet, frå 10-meteren til K66.

Midtnorsk Mesterskap for 12- og 13-åringar skulle egentleg også gå av stabelen samtidig, men det vart avlyst grunna lite påmelding frå trøndelagsfylka. Med på kretsrennet var løparar frå Stordal IL, Liabygda, Ørskog IL, Velledalen, Sykkylven, Ellingsøy IL, MOI, Hjelset-Fram, Rival, Bolsøy IL, IL Ravn og Veten IL.

Den gamle storklubben innan hopp, IL Ravn, stilte med 16 år gamle Hans Marius Lorentzen, som prøvde hoppski for fyrste gong på trening i Fjellbakken på torsdag. Under kretsrennet stilte han i 30-meteren, og etter rennet var han i full gong med treningshopp i 50-meteren. Imponerande!

Komplett resultatliste finn du her .

På bildet får Martin Mauseth og Rishi Villupillay, som stilte i klassa G12 i hopp og kombinert, premiane sine for delt 1. plass i kombinert. Rishi leia etter hopprennet, men vart teken att av Martin og det enda med dødt løp og delt 1. plass.

Martin og Rishi

VÅRE SPONSORAR

Grasrotandelen
Busengdal Transport AS
Coop Marked
Helland Moebler
Sparrebanken Moere
Storfjordnytt
Sunnmorsposten