Stordal IL

Gode resultat i Trondheim

Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 05.02.2011

Brødrene Marius og Nicolas Helland Helgesen, Petter Løset Skodjereite og Sindre Helland var Stordal IL sine representantar i det tradisjonsrike Høgåsrennet i Trondheim i dag, som i år gjekk av stabelen for 56. gong.

I rennet var det 105 startande deltakarar i heile 6 ulike bakkar, frå K-5 og til K-60, og av desse var det 34 som deltok også i kombinert.

Nicolas deltok i klassa Gutar 9 år, der han i K-16 tok ein sterk 4. plass mellom konkurrentar frå Byåsen IL, Orkdal IL, Steinkjer Skiklubb, MOI og Byaasen Skiklub.

11-årige Marius hoppa i K-28, der han kom på ein flott 5. plass. Marius har synt stor framgang den siste tida, han har vore svært ivrig i å trene seg opp att etter det stygge beinbrotet han fekk i fjor.

Petter, som deltek i klassa Gutar 12 år, var den einaste av våre som var med også i kombinert. I hopprennet kom han på 2. plass etter to hopp på 35 og 35,5 meter i K-38, berre slått av Simen Kvarstad frå Byåsen IL som hadde hopp på 36,5 og 36 meter. Petetr vann kombinertrennet i si klasse, og vart også tildelt "Damenes pokal" for beste poengsum blant dei som deltok i kombinert.

Sindre deltok i klassa Veteran, og hoppa både i K-38 og K-60. I K-38 kom han på 1. plass, medan han i K-60 kom på 5. plass.

Bilde: Nicolas og Marius under premieutdelinga etter Stordalsrennet forrige søndag.

Nicolas og Marius Helland Helgesen

VÅRE SPONSORAR

Grasrotandelen
Busengdal Transport AS
Coop Marked
Helland Moebler
Sparrebanken Moere
Storfjordnytt
Sunnmorsposten