Stordal IL

Gode resultat i Alvdal

Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 13.03.2011

Laurdag var det hopp som stod på programmet, etter fredagens kombinertrenn der altså Petter Løset Skodjereite slo til med ein bronsemedalje.

I klassa Gutar 12 år, i K35, vart det ein 8. plass på Petter etter hopp på 34 og 32,5 meter. Aleksander Skoglund frå MOI kom på 5. plass i det sterke selskapet med 40 startande. Tor Erik Meek, også MOI, kom på 31. plass.

I klassa Jenter 13 år (K35) kom Gunn Eli Hjelle på 5. plass. Ho var nok litt forsiktig i rennet etter at ho datt og fekk seg ein liten smell under trening fredag. Tøft av henne å gå rett opp i bakken og hoppe igjen etter fallet - det er nok rette måten å gjere det på.

I klassa Gutar 13 år (K35) var det heile 55 startande. Ingen frå vårt område deltek i den årsklassa, men Øyvind Straumsheim (med far frå Sykkylven) og Alexander Røshol Johnson, begge frå MOI, representerte Møre og Romsdal. Øyvind kom på 31. plass, medan Alexander kom på 49. plass.

Rishi Vellupillai hoppar i klassa Gutar 14 år, der 30 stilte til start i Alvdal. Rishi kom på ein flott 4. plass, og slo fleire av dei som er rangert foran han i RC-cupen. Også Martin Dannevig Mauseth frå MOI gjorde det bra i denne klassa med ein 11. plass.

LAGHOPP
I dag søndag var det laghopp, og med så mange hopparar med kunne Møre og Romsdal stille med to lag. Eit lag samansett av Petter Løset Skodjereite (Stordal IL, 12 år), Øyvind Straumsheim (MOI, 13 år) og Rishi Vellupillai (Liabygda IL, 14 år) gjorde det veldig bra og enda på 5. plass av dei 46 laga som deltok. På det andre laget til Møre og Romsdal hoppa Aleksander Skoglund (12 år), Alexander Yigermal Røshol Johnson (13 år) og Martin Dannevig Mauseth (14 år), alle MOI. Også dei oppnådde eit godt resultat med 13. plass.

VI GRATULERER ALLE MED FLOTT INNSATS OG GODE RESULTAT!

Resultatlister finn du her

Bilde: Deltakarane våre i Alvdal. Frå venstre trenar Per Ivar Skodjereite, Gunn Eli Hjelle, Petter Løset Skodjereite og Rishi Vellupillai.

VÅRE SPONSORAR

Grasrotandelen
Busengdal Transport AS
Coop Marked
Helland Moebler
Sparrebanken Moere
Storfjordnytt
Sunnmorsposten