Stordal IL

Følg Tommy i Holmenkollen i kveld!

Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 08.02.2011

I kveld kl. 19.00 er det NM stor bakke i Holmenkollen, og mellom deltakarane er Tommy Lianes frå NTG Lillehammer og Stordal IL.

Ein kan følgje rennet på NRK. Sendinga startar på NRK2 kl. 18.30, og dei syner 1. omgang der.
2. omgang vert vist på NRK1 frå kl. 19.45.

Tommy rykte opp i Elitegruppa i NC for ca. 3 veker sidan, og han fortel at det er eit heilt anna nivå og mykje tøffare å hevde seg der. - Men det er no mogleg det og, seier han på telefon frå bussen han sit i på veg frå Lillehammer til Oslo og Holmenkollen i dag. - Eg satsar på å greie topp 30 og kvalifisere meg til 2. omgang.

VIKERSUND
Han gler seg også til det som skal skje vidare i veka, i morgon reiser dei til Vikersund der dei skal prøvehoppe i den nye "Monsterbakken".
- Det vert tøft, seier han. Tommy er elles ein av 24 som er nominert til å vere første hoppar i den nye skiflygingsbakken, men det har han ikkje noko stort håp om å verte. - Det er like greit at ein som har erfaring frå større bakkar får hoppe først, seier han. Også far Ole er med NTG-gjengen frå Lillehammer til Oslo. Han skal også vere med til Vikersund, og skal vere der og få med seg også prøve-VM, der renna gjeng laurdag og søndag. - Eg har teke meg ei veke ferie for å få med meg dette, fortel han.

VI ØNSKER TOMMY LYKKE TIL BÅDE I HOLMENKOLLEN OG I VIKERSUND!

Tommy Lianes

VÅRE SPONSORAR

Grasrotandelen
Busengdal Transport AS
Coop Marked
Helland Moebler
Sparrebanken Moere
Storfjordnytt
Sunnmorsposten