Stordal IL

Det vart kretsrenn!

Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 25.02.2013

Trass veret vi har hatt så langt denne vinteren, der nedbøren stort sett har komt i form av regn, vart det eit vellukka kretsrenn i Fjellbakken søndag. I eit nydeleg vinterver vart det arrangert renn i K10, K18 og K50. Etter planen skulle også K30 og K70 nyttast, men dette synte seg å verte for vanskeleg å få til.

Ein kjempeinnsats i veka før gjorde at ein fekk til tre av bakkane, og 24 ivrige deltakarar trassa den noko varierande hopptreninga så langt i sesongen og deltok med brask og bram med mange flotte hopp.

Resultatlista finn du som PDF-fil HER .

Deltakarane i K10 (Tobias Hauglid Tafjord er ikkje med på biletet).

Deltakarane i K18.

Deltakarane i K50.

Dagens høgaste poengsum stod Alexander Røshol Johnsen frå MOI for med 205,1 poeng, etter hopp på 47 og 47,5 meter i K50.
På bildet under ser vi han i midten saman med lagkameratane frå MOI, Øyvind Straumsheim til venstre og Aleksander Skoglund til høgre.

Alexander Roshol Johnsen, Aleksander Skoglund og Oyvind Straumsheim.

VÅRE SPONSORAR

Grasrotandelen
Busengdal Transport AS
Coop Marked
Helland Moebler
Sparrebanken Moere
Storfjordnytt
Sunnmorsposten