|
|
 |
Då er vi i gang!
Skrive av:
John Kristian Hjelle Innlagt den 15.12.2010
Etter fleire dagar med snø og prepping er dei første hoppa for sesongen unnagjort i Fjellbakken.
I går kveld fekk vi 50-meteren klar, og under gode tilhøve fekk Odd Hågen, Rishi, Jarl Anders og Petter seg fleire hopp. Eit lite problem med trakkemaskina har gjort at småbakkane enno ikkje er klar, men Jens Petter har godt håp om å få den reparert i dag - så da ligg alt til rette for at vi også skal få resten av bakkane klargjort. Og viss veret rettar seg etter vermeldingane bør det verte moglegheit for mange treningshopp no i førjulstida (og i romjula).
Bilde: Frå preppinga mandag kveld.
|
|