|
|
 |
24 på Hoppskule torsdag
Skrive av:
John Kristian Hjelle Innlagt den 31.01.2011
På den andre kvelden med Hoppskule i Fjellbakken var det heile 24 som møtte opp og prøvde seg i bakkane.
Hoppski og -sko vart lånt ut så lenge vi hadde, medan andre brukte både langrenn- og slalåmski. Som vi har skrive om før er det i staden for renn i dei ulike bakkane i den årlege Telenorkarusellen/StordalsCup i år lagt opp til kveldar med trening med fokus på prøving og opplæring. Der får deltakarane oppfølging og undervisning av oss, med veteranhopparane våre i spissen, og får prøve utstyr og hoppe etter eige ønske og i sitt eige tempo.
Neste kveld med Hoppskule er torsdag 10. februar.
Sjå innbydelse til Hoppskulen her.
Bilde: Å vere med på hoppskulen med langrennski er ikkje noko problem.
|
|