|
|
 |
207,5 meter på Tommy i Vikersund
Skrive av:
John Kristian Hjelle Innlagt den 09.02.2011
Under prøvehoppinga i Vikersund i dag hoppa Tommy som nummer 12 i bakken som er verdas største skiflygingsbakke. Han hadde tre hopp, på 185, 207,5 og 194 meter.
Med 207,5 meter var han faktisk tredje lengst mellom dei som er uttekne til å å vere prøvehopparar i bakken! Dei som følgde med på sendinga i NRK, der vi fekk sjå første hoppet, la sikkert merke til smilet i Tommys ansikt. Dette er noko han likar! I morgon er det vidare prøvehopping - er det mogleg å perse ein gong til Tommy?
Ein annan tanke som melder seg er om denne hoppinga kan føre til uttak som prøvehoppar i WC-renna til helga......?
Bilde: Bilde fra NRK si sending i dag. Tommy på bommen som nr. 12 ut i verdas største hoppbakke.
|
|