Stordal IL
Løyper påska 2010
Bjørn Holmelid  - 26.03.2010

Fjellservice køyrer løyper kvar dag i påska. Vi køyrer alle traseane så sant været og forholda tillet det.

Løypekart med våre trasear finn du på startsida. Sjå meny under trasear.


Påska 2010
Bjørn Holmelid  - 26.03.2010

Fjellservice har varetransport med scooter kvar dag i påska. - mellom kl. 12.00 - 17.00

Vi gjer merksam på at bestilling bør gjerast dagen før transport. tlf 97 48 83 22

Varetransport med scooter til langsætrane koster kr. 400.- pr. tur.


Løyper 20. mars
Bjørn Holmelid  - 19.03.2010

Grunna fare for ras vil Fjellservice denne helga køyre løyper kun i Langsæterområdet og inn til Fokhaugstova. Det har gått ras i Trongstelia, så her har vi no køyrt opp nye løyper. Vi vil også køyre opp løpe frå Seljebotn til sætrane i helga.

Rasfaren er framleis stor, så vi oppmoder alle til å vise varsemd i fjellet!


Rasfare
Bjørn Holmelid  - 16.03.2010

Stor rasfare!!

Stordal Fjellservice har bestemt at det ikkje blir køyrt opp løyper i Langsæterområdet og innover fjella, før rasfaren er blitt redusert.

Ny melding blir gitt på heimesida når nye løyper blir køyrt.


Fine forhold i fjellet idag.
Bjørn Holmelid  - 06.03.2010

Superfine forhold for ein skitur idag! Ca.3 minusgrader, overskya på laurdag morgen, kanskje kjem sola utpå dagen? Fjellservice har lagt desse løypene til helga: Seljebotn, Langsæterområdet, framover Jolbotn, Lillevatnet, Storvatnet...til "For fattig og rik".


VÅRE SPONSORAR

Busengdal Transport
Fjords
Helland
Jonsson Worren
Stavseng Ingeniorfirma
Stordal Mobler
Vestlandstak