Stordal IL

Sesongaktuelt

Stordal Idrottslag
v/Fjellservice.
Stordal, 8.desember 2011

Informasjon til alle med avtale om støtte.

Besøk vår nettside: www.stordalsportalen.no / Stordal Idrottslag / Fjellservice.

No er det ny vinter med løypekøyring. Opplegget er som sist sesong, og målsettinga er å lage endå betre skiløyper. Kommuna, grunneigarane og Busengdal Transport AS brøyter også i år den kommunale vegen frå Øverøye og fram til bruene. Den nye skiløypa mellom vegen og elva frå ”Stolen” til Puskebrua må benyttast dersom ein ikkje startar skituren frå dei nye parkeringsplassane ved bruene lenger framme.
Ny breiare bru over elva frå Kvitlane til Pusken vart ferdig bygd i november, og her vil vi køyre når elva er åpen.

Våre sjåfører køyrer løyper etter behov kvar fredag, laurdag og søndag:
• På begge sider av elva frå Seljebotn til Overøye/Kvitlane.
• Overøye til Kvitlane/Pusken på ny skiløype og hovudvegar på begge desse stølane.
• Langsætrane til Jolbotn, Fokhaugstova, Elvabytet, Storvatnet og Lillevatnet (med forbehold om skredfare og dårleg ver).

Vi har fyljande prisar på våre tenester:
• Servicekøyring (transport) med løypemaskin kostar kr 1000,- pr/t. (min 0,5 t)
• Servicekøyring (transport) med snøscooter kostar kr 400,- pr tur.

NB!! Servicekøyring må bestillast med minimum 2 dagars varsel på vakttelefon 974 88 322.
Tore Hallan er driftsansvarleg. Merk at vi tek forbehold om tilgjengeleg sjåfør ved køyring på dagtid mandag til fredag.

NB!! Kun avtalar med ein samla verdi på minst kr 16 000,- gir rett til løype til ”hytta” der hytteeigar har rydda nok skog. Løype til hytta må bestillast på vakttelefonen minst 2 dagar før kvar tur. Stadig fleire private vegar vert no brøyta, og derfor må vi ta forbehold om tilkomst.
Desse avtalane med løype til ”hytta” gjeld i 5 år, produkt type II. Det er mogleg å kjøpe ein tilleggsavtale for å forlenge kjøyring av løype til hytta.
Dei eldste avtalane på 10 år er no meir enn 5 år gamle og derfor auka frå kr 500/1000 til kr 600/1200 slik det står skreve i inngåtte avtalar.

Har du spørsmål ring vakttelefonen eller ta kontakt med leiar i Stordal Fjellservice Kristen Leganger på tlf 91 64 94 31 eller helst e-post: kristen.leganger@hotmail.com. Stordal Regnskap AS kan og kontaktast på e-post: post@stordalregnskap.no eller telefon: 702 79400.
Husk å gi beskjed om du har endra post eller e-post adresse!

Vårt årsresultat for 2010 viser underskot på kr -849 481,60 grunna investering i ny løypemaskin. Sjå årsmelding. Budsjettet for 2011 balanserer med kr 350 000,- men det er avhengig av fleire nye avtalar/sponsorer.

På vår nye løypemaskin er det montert GPS-utstyr slik at du på www.skisporet.no/stordal kan sjå kva løyper som er køyrt og tidspunkt for siste sporlegging.

Takk for di støtte til å vidareføre dette populære tiltaket.

Med gode ønsker om ein fin vinter i Fjellservice sine spor!

Årsmelding og regnskap til Fjellservice for 2010 er lagt med.

Helsing
Kristen Leganger,

Leiar i Fjellservice.

VÅRE SPONSORAR

Grasrotandelen

Busengdal Transport

Fjords
Helland
Jonsson Worren
Stavseng Ingeniorfirma
Stordal Mobler
Vestlandstak