|
|
 |
Vi gratulerer Mathilde og Julie med topp-plasseringer på Bendit!
Skrive av:
Magne Tøsse Innlagt den 20.03.2010
5.plass til Mathilde og 7.plass til Julie i laurdagens storslalåm! Heile 78 jenter stilte til start i klassa deira. I dei yngre urangerte klassene var det også mykje god køyring frå våre løparar. No er dei alle klare til flott premieutdeling på Ål samfunnshus i kveld. Resultater finn du her utover kvelden. Søndag er det slalåm.
I klassa til Mathilde og Julie gjorde dei andre jentene frå Sunnmøre det også meget godt. Fride Åmbakk frå Ørsta tok 6.plassen, Josefine Mork frå Stranda vart nr 8 og Marthe Tøsse Aandahl frå Spjelkavik vart nr 12. Meget hyggelige plasseringer frå dei lokale løparane.
Mathilde og Julie kunne smile breidt etter dagens storslalåm på Ål.
|
|