Stordal IL

Vellukka kretssamling

Skrive av: Hallgeir Hove
Innlagt den 27.11.2010

Når to av tre dagar er gjennomført, kan ein alt no slå fast at kretssamlinga på Bjorli, ser ut til å bli særs vellukka. Det har vore hovudfokus på storslalom og løparane har synt særs god køyring. Erik Skaslien og Einar Vegsundvåg har hatt hovudansvar for samlinga. Løparane har fått veldig god oppfyljing og i tillegg til feed-back oppe i løypa, vart det også synt fram film av løparane i aksjon, i pausane.

Vi kjem attende med meir etterkvart, men har i kveld lagt ut 10 bilder frå samlinga. Sjå dei i galleriet vårt.

Erik, Einar, m.fl. ved start.

VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel