|
|
 |
Vegard med knallsterk dobbeltsiger i FIS-slalåm på Oppdal!
Skrive av:
Magne Tøsse Innlagt den 08.01.2012
Vegard gjekk heilt til topps i begge slalåmrenna laurdag og søndag på Oppdal! Vi gratulerer han med imponerande køyring, ikkje minst laurdagens utklassingsiger med over 2 sekund er råsterkt. i Storslalåmrennet vart han nr 8 etter 3.beste tid i finalen. Erika tok ein flott 5.plass i laurdagens slalåm og vart nr 8 søndag. I storslalåm tok ho ein sterk 5.plass. Ingrid tok ein fin 10.plass i slalåmen laurdag der Kristina Maridal vart nr 26. Stranda-karane Magnus Mork og Christoffer Ryste tok hhv ein 26.plass og 32.plass i kvart sitt slalåmrenn. 111 herrer og 76 damer deltok. Alle resultat Oppdalsrenna her.
Vegard og Erika med meget sterke plasseringar på Oppdal
|
|