Stordal IL

Vegard med beste omgangstid i FIS-rennet laurdag!

Skrive av: Magne Tøsse
Innlagt den 17.12.2011

Vegard imponerte i Funäsdalen laurdag med ein 19.plass i den 140 store herreklassa. Det som imponerte mest var 2.omgangen der han var raskast av samtlege herrer! Vi kjenner Vegard som ein slalåmspesialist men idag viste han at storslalåmforma også er stigande... Erika tok ein ny flott plassering med 8.plass i dameklassa der 128 løparar stilte. Også Erika hadde ein meget god finaleomgang. Ingrid vart nr 49 og Kristina 95. Løparar frå Sverige, Finland og Norge stilte til start. Søndag går siste rennet som du kan følge live her frå kl.09.00. Resultater alle renna i Funäsdalen finn du her....

Vegard forbetra dermed FIS-punktane sine med denne prestasjonen. 37,11 fekk han idag. Det betyr at han på neste FIS-liste vil operere på 30 tallet i storslalåm med ca 38 pkt. I slalåm er Vegard allereie komen under 30 med 29,19 som gjeldande punkter. Vi har mistanke om at han her har planer om å forbetre seg ytterlegare i løpet av vinteren... FIS-oversikt Vegard .... FIS-oversikt Erika

Vegard raskast av samtlege 140 herrer i finaleomgangen laurdag

VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel