|
|
 |
Vegard Busengdal med historisk pallplassering!
Skrive av:
Magne Tøsse Innlagt den 21.11.2010
3.plass i dagens FIS-renn på Bjorli! Fantastisk køyring, spesielt i 2.omgang, gjorde at han klatra frå 10.plass til ein utruleg sterk pallplass til slutt. Det er rett og slett imponerande det Vegard presterer i slalåmløypa for tida! Vi bøyer oss i støvet og gratulerer!! Les meir om rennet og link til resultata under...
Etter den sterke 15.plassen laurdag der han forbetra FIS-punktane sine med over 10 pkt, håpa vi at han skulle kunne kopiere dette på søndag. Etter 1.omgang var han allereie oppe på "topp-10-lista" og vi kryssa fingrane for at han skulle makte å vere der også etter finaleomgangen. Vegard knalla imidlertid til med 3.beste omgangstid, kun 0,31 sek bak vinnaren Simen Ramberg Christensen. Simen som sist vinter tok ein sensasjonell 4.plass i Junior-VM og som også er rangert som verdens beste alpinist født i 1993. Dette seier litt om kor rask Vegard er på slalåmskia pr idag. For å samanligne vidare med dei som er jevngamle må vi ned til ein 13.plass for å finne neste 93-årgang. Og innimellom finn vi alpinistar både frå Italia og Sverige.
Med andre ord har det vore ein fantastisk start på sesongen for Vegard.
Alle resultata frå renna på Bjorli finn du ved å klikke deg inn på denne
FIS-sida
. Trykk på R (for results) framfor kvart renn.
|
|