Strålande helg med fleire klassesigrar på Oppdal!
Skrive av:
Hallgeir Hove Innlagt den 08.03.2010
Fleire løparar på pallen og ellers meget gode resultat under Erik Håker Cup. Vi nemner her: Kristiane Nakken med to 1.plassar og ein 3.plass, Mathilde Vinje Øvrebust med to 1.plassar, Julie Olsen Almås ein 1.plass og ein 3.plass, Ingrid Busengdal med to 2.plassar og Kine Kvammen Tøsse med ein 3.plass! Vi gratulerer!
Utover desse glimrande resultata hadde vi også fine plasseringar på fleire av våre andre løparar. Klikk deg inn på resultater Håker Cup Oppdal for komplett oversikt.
Vi hadde nokre flotte dager på Oppdal denne helga, der våre fekk konkurrere mot alpinistane frå Trøndelagsfylka i tillegg til dei fleste frå Møre og Romsdal som også deltok.
Dei fleste av løparane deltok på fartstrening fredagen og nokre var også med på heile fartsveka som starta på onsdag. Vi hadde også med løparar i dei yngre klassene som køyrde storslalåm. Totalt 16 løparar frå Stordal Alpin deltok og med foreldra så var vi ein samla tropp på over 30 stordalingar i Vangslia denne helga.
Kristiane 2 gonger på toppen av pallen på Oppdal
Mathilde 2 x til topps på pallen på Oppdal
Julie til topps på pallen på Oppdal
|