Strålande avslutning av Sparebanken Møre Cup, paralellslalom og skicross på Stranda.
Skrive av:
Hallgeir Hove Innlagt den 11.04.2010
Laurdagens paralellslalom og skicross på Strandafjellet vart flott avvikla i nydeleg ver. Dei yngste fekk prøve seg i disiplinen skicross, medan dei eldste køyrde paralellslalom. I og med at dette var siste rennet i Sparebanken Møre Cup, var det også tid for premiering av dei som hadde gjort det best der.
Vi har tidlegare fått med at det vart særs gledelege klassesigerar til Olav-Rune Bratland og Andrea Vinje Tøsse og at Ingrid Busengdal tok 2. plass i si klasse i paralellslalomen. (i finalen leia ho på Eirin Linnea Engeseth, etter første omgong..) I tillegg var det mykje sterk køyring også av dei andre løparane våre. I paralellslalom er det likevel slik at eit lite uhell undervegs fort gjer at ein ikkje kjem seg vidare til neste "runde." Konkurransen vart veldig spennende med mange tette duellar. Sjå resultatlista her
Samstundes med paralellslalomen vart det køyrd skicross for dei yngste (9 år og nedover) og arrangørane hadde laga til ei spanande og flott løype. Løparane køyrde tre og tre og fekk god fart nedover i den kuperte og doserte løypa. Det var liten tvil i at dette var kjekt å vere med på og lenge etter at sjølve konkurransen var over, var det mange som nytta høvet til å køyre der.
Vi fekk knipsa mange bilder i samband med det flotte arrangementet og så langt har vi fått lagt ut ein del frå skicrossen i galleriet vårt. I skrivande stund kjem det inn bilder frå paralellslalomen. Med det aller første vil vi også presentere bilder frå premieutdelinga til dei beste i Sparebanken Møre Cup. Her vil det også kome ein eigen reportasje.
Du finn bildegalleria våre under menyvalet til venstre og vi minner enno ein gong om at dei nyaste galleria framleis ligg nederst.
|