Stordal IL

Gull til Vegard og to bronser til Erika under Hovedlandsrennet!

Skrive av: Magne Tøsse
Innlagt den 11.03.2008

Søndag 9.mars vil i framtida vere ein merkedag for Stordal Alpin. Det var datoen då vi tok to medaljer på ein og samme dag, og i samme disiplin under NM/Hovedlandsrennet. Vegard Busengdal tok gull og Erika Holand Tøsse tok bronse. Stordal var den einaste klubben som tok meir enn ein medalje, og vart dermed landets aller beste klubb under slalåmrennet!

For oss som var der var det fantastiske timer vi fekk oppleve denne søndagen i Hemsedal. Det starta med ein første omgang som Erika ikkje var nøgd med. Ein 10.plass var godt under dei forventningane ho sjølv hadde og irriterte seg nok ein god del over dette. Så var det klart for gutane. Vegard hadde startnummer 14 og før han køyrde fekk vi bekrefta at nivået på dei beste gutane er svært høgt. Her måtte Vegard ha fullklaff skulle han kunne hevde seg blant dei 5-6 beste, noko vi visste han var kapabel til utfrå hans køyring tidlegare i vinter. Så var det å få dette ut i det aller viktigaste og største rennet i løpet av sesongen... Og Vegard slo til så det susa, køyrde ein av sine beste omgangar, og gjekk inn til ledelse nokre hundredeler før Martin og Simen frå hhv Geilo og Heming. Slik vart også lista etter 1.omgang og vi kunne spent vente på fianleomgangen.

Først var det Erika som skulle ut, og det var ei revansjelysta jente som drog opp til start til 2.omgang. No skulle ho vise resten av alpin-Norge kva ho var god for. Og Erika gjorde en kjempeomgang i den traverserte løypa, og slo samtlege. Dermed køyrde ho seg heilt opp til ein bronsemedalje og jubelen blant Stordalingane i målområdet var stor.

Så skulle vi vente på Vegard: Det store spørsmålet var korleis guten ville takle situasjonen med å stå der som siste startande, og det presset det naturleg nok førte til. Den eine etter den andre av konkurrentane kom i mål med meget god køyring, så vi visste at Vegard måtte prestere maksimalt om han skulle forsvare 1.plassen. Pappa Ole var couch i startpaddocken og stod for dei siste forberedelsane saman med sonen. Så var det klart for startnummer 14, Busengdal frå Stordal - kun ein løpar igjen på start som kunne ta gullet. Samtlege sine auge var retta mot startbua og Vegard. Eg sjølv stod i øvre del av løypa og Charles lengre nede. Vi visste at dette kunne bli ein voldsom nedtur om han køyrde ut, men også at vi kunne vere berre 45 sekund frå ein historisk opplevelse.

"Vegard i løypa!" varslar Olai frå start. Han starta friskt noko som lova godt. Lett å verte defensiv i tankegangen når du skal forsvare ein ledelse slik..Dette gjekk unna! Guten viste ingen tegn på nervøsitet og klinka til frå lederposisjon! No var han halvveis, men inga mellomtid ga oss noko svar.. Også på flata i siste del slapp Vegard verkeleg på, og køyringa tyda på at han hadde prestert nok ein fantastisk omgang. Så passerte han mål og alle festa blikka på lystavla: JAAAAAAAAAAAA!!!! GULL!!!!! Vegard hadde tatt gullet! Og det herska ville tilstander hos Stordals-gjengen. Oppe i bakken brølte Charles så høgt at ein far og son frå nordre del av landet vårt stakk rett til skogs! Og undertegna fekk ei portvakt etter seg då eg kryssa løypa jublande i 60 km/t.. ojsann! det var visst fleire som skulle køyre etter Vegard.. Men ingen kunne no ta frå han gullet!

I mål var det klemmar og jubelscener og masse tårer både frå store og små. Telefonsamtaler og tekstmeldinger med heimbygda og masse gratulasjoner frå dei konkurrerande løparane og lederane. Vegard hadde gjort det! Og på ein imponerande kald og roleg måte. Guten hadde stålkontroll på nervane sine synte det seg. Mamma Lise sin klem og gratulasjon var nok den aller beste i eit hav av slike.. Men kvar var pappa Ole? Jau, Ole var på radioen og strålte naturleg nok. Likevel gjekk det ei stund før han endeleg fekk klemme rundt og gratulere sonen. Det øyeblikket var stort å oppleve for oss alle. Ole har gjort ein fantastisk jobb og lagt ned eit stort arbeid i forkant av dette. Målbevisst planlegging og trening saman med Vegard - ikkje minst i sommar - hadde gitt TOPPRESULTAT!!

Stordal hadde tatt gull og bronse og vi var aller beste klubb! I konkurranse med store ressurssterke klubbar som Bærum, Heming, Ready osv osv hadde vesle Stordal med 960 innbyggarar markert seg som Norges beste alpinklubb i slalåm! Dette var stort...

Magne

sjå også http://www.hovedlandsrennet-alpint.no samt resultatservicen vår i venstre marg for meir info

Erika/Vegard og ei imponert Andrine Flemmen som no er trenar for Tertnes i Bergen

Strålande verforhold under utfortreninga i Hemsedal. Her Sondre Hovdenak frå Ørsta, Adrian, Eivind Græsdal frå Stranda, og Vegard lengst til høgre.

Den historiske premieutdelinga med to Stordals-løparar på seierpallen - Takk for øyeblikket og opplevelsen Vegard og Erika!

VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel