Stordal IL

Stipend til Erika og Jørgen!

Skrive av: Hallgeir Hove
Innlagt den 07.10.2010

To av våre fremste utøvarar er nyleg tildelt Sparebanken Møre sitt "Gnist-stipend". For Erika sin del var stipendet på heile 50.000 kroner, men også Jørgen kunne gle seg over ei flott tildeling på kr 10.000,-.

Det er ikkje vanskeleg å skjøne at stipenda i seg sjølve kjem godt med. Samstundes er dette også eit klart og tydeleg bevis på at den satsinga våre eldste utøvarar står for, verkeleg vert lagt merke til. Dei to har tidlegare også motteke Stordal kommune sitt kulturstipend, saman med Adrian Nakken og Vegard Busengdal.

Vi gratulerer!

Les eigen reportasje i Bygdebladet om tildelinga. Sjå dokumentarkivet vårt for pdf-utgåva av reportasjen.

VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel