|
|
 |
Sterke plasseringar av våre i Sverige.
Skrive av:
Hallgeir Hove Innlagt den 01.05.2010
Under fredagens slalomrenn i Funäsdalen vart det enno ein gong mange flotte plasseringar frå stordalsløparane. Ein av dei som imponerte var Julie Olsen Almås, med sin sterke 6. plass i konkurranse med over 50 svenske jenter.
Erika Holand Tøsse køyrde vidare inn til flott 4. plass (nest beste tid i 2. omgong), Kristiane Nakken 8. plass og Kjetil Holand Tøsse 11. plass. God køyring også av Ingrid Busengdal (14. plass) og Kristina Maridal (38. plass), i dette som vert rekna som verdast største alpinrenn! Andrea Vinje Tøsse køyrde dessverre ut denne gongen. Ungguten Ådne Nakken (10 år) synte også knallgod køyring.
På laurdag er det Erika som skal i aksjon (FIS-rennet) og så er det klart for paralellslalom på søndagen. Vi ventar spent på resultata.
|
|