Alpinistane våre satte STORDAL på kartet på Oppdal!
Skrive av:
Magne Tøsse Innlagt den 07.02.2008
Ei fantastisk helg med veldig flotte resultat og flott køyring på heile gjengen!
Kristiane til topps begge dager! Andrea med flotte 3. og 4.plasser, og Kine med sterke 7. og 11.plasser i konkurranse med 20 andre jenter frå Oslo, Akershus og Trøndelagsfylka. Jentene våre i klasse 11 år fortsetter å imponere. Og i dei yngre klassene var det også flott og lovande køyring. Resultata finn du med å klikke deg inn på "resultater"
i venstre margen
Også i dei yngre klassene imponerte våre løparar stort. Det er kun i klasse 11 år ein foretek rangering på resultatlista, så derfor vert det kun dei vi kan nevne med plassering. Det vi imidlertid kan fastslå og glede oss stort over, er at Stordalingane i både 10 og 9 år markerte seg veldig positivt på Oppdal, og enkelte var faktisk raskast av samtlege! Og i 8 år og yngre var det store, breie smil ved målpassering der troll med nysteikte bollar tok imot dei etter endt omgang. Og med stor jubel frå dei andre løparane og ikkje minst frå dei mange foreldra som var med, trur vi dei alle hadde flotte opplevelsar denne helga.
Her kjem bilder som viser kor fint vi hadde det på Bendit Skifestival på Oppdal sist helg:
Heile troppen jublande fornøgde etter rennet søndag
Amalie, Rebekka og Vibeke med flott køyring i jenter 10 år
Jentene i 9 og 10 år - Rebekka, Mathilde, Julie, Vibeke og Amalie
Mathilde var ei av dei som imponerte stort denne helga
Fantasiske forhold og stemning i målområdet der vi hadde basen vår
Kristiane på 1.plass og Andrea på 3.plass på Oppdal
|