Stordal IL

Solbakken Cup med stor tropp frå Stordal Alpin

Skrive av: Magne Tøsse
Innlagt den 20.03.2008

I eit forrykande snøver og tildels kraftig vind, vart årets Solbakken-Cup avvikla sist søndag. Vi stilte med ein av dei største troppane i rennet som hadde over 240 deltakarar.

Sponsorane til Bjarne hadde rigga opp med mat-telt og serverte pizza og laks til samtlege løparar og foreldre! Og trekkepremiane var som vanleg formidable. Vi gratulerer Bjarne og hans samarbeidspartnarar med eit kjempearrangement, trass i det vanskelege veret. Stordalingane kjem garantert tilbake med minst like mange alpinistar om eit års tid!

Bilder kjem dettande etterkvart utover i påska. Resultatlister finn du i venstre margen

God påske!

VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel