Stordal IL

Sølv til Kristiane!

Skrive av: Hallgeir Hove
Innlagt den 29.03.2010

Etter å ha sikra seg bronse både i Super G (fredag) og storslalom (laurdag), avslutta Kristiane Nakken med SØLVMEDALJE under søndagens slalomrenn.

Fantastiske resultat av den særs lovande alpinisten. I tillegg til sølvmedaljen til Kristiane, vart det ein strålande 4. plass til Andrea Vinje Tøsse under søndagens slalom. Etter 1. omgong var det faktisk to stordalsløparar på pallen, men sjølv om pallplassen glapp for Andrea er det utruleg sterkt med ein 4. plass i dette tøffe selskapet. Dei andre løparane våre viste også god køyring og vi kjem med det første attende med reportasje både frå renna og frå den flotte mottakelsen løparane fekk når dei kom heim.

VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel