Stordal IL

Særs vellukka klubbsamling!

Skrive av: Hallgeir Hove
Innlagt den 01.11.2010

Klubbsamlinga på Bjorli denne helga, vart særs vellukka. Det var topp fohold og løparane fekk verkeleg stort utbytte, der Erik Skaslien hadde ansvaret for det sportslege opplegget.

I tillegg til gode øktene i bakken, vart det også gjennomført ei teoriøkt på laurdagen. Der vart detaljar trekt fram og vidare fekk ein sjå video-opptak av m.a. Vegard og Erika frå tidlegare i veka. Deltakarane fekk også sjå seg sjølve i aksjon og då med fokus på kva dei kunne gjere for å nærme seg den gode køyringa som våre FIS-løparar står for om dagen. Både Vegard og Erika var også med på samlinga, noko som sjølvsagt var ekstra inspirerande. I tillegg var Simen Christensen med. Han er rangert som den beste i verda i si årsklasse! Ganske så inspirerande det også sjølvsagt..

Vi kjem nok attende med meir frå den flotte samlinga. Vi har lagt ut bilder av løparane i aksjon på laurdagen og håper også å kome attende med bilder frå søndagen, etterkvart. Sjå bildegalleriet vårt. (menyval til venstre)

Stilstudie av Erika

VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel