|
|
 |
Romsdalseggen vart forsert på søndagen!
Skrive av:
Hallgeir Hove Innlagt den 31.08.2010
Det var ikkje noko å seie på utfordringane som møtte deltakarane på kretssamlinga i Rauma. På programmet siste dagen stod nemleg også den relativt tøffe og ekstreme turen frå Vengesdalen og til Åndalsnes. Dermed la dei tøffe alpinistane i veg og forserte Romsdalseggen, ei rute som både er lang (6-7 timar) og ikkje minst luftig! I tillegg må ein trygt kunne hevde at det vart ei storslått naturoppleving for dei.
Vi er ikkje kjent med at det var nokon av "våre" som fekk foreviga det heile, men på Rauma Alpin si nettside kan du sjå eigen reportasje med bilder også frå turen på søndagen. Viser elles til vår reportasje frå tidlegare og til eige bildegalleri.
Ein konklusjon i etterkant av samlinga må vere at den var særs flott og at den utan tvil har gitt dei mange alpinistane som deltok mykje inspirasjon i høve det vidare treningsarbeidet.
At mange voks på den tøffe turen på søndagen, er det truleg heller ingen tvil om. Kanskje vil vi sjå resultatet av dette i SG-løypene til vinteren?
|
|