Stordal IL

Oppdatert heimeside!

Skrive av: Hallgeir Hove
Innlagt den 15.04.2010

Vi håper at du som vitjar heimesida vår, har fått med deg at vi har samla mykje kjekk informasjon og bilder frå sesongen 2009-2010.

Ved å nytte menyvalet til venstre på sida, finn du m.a. resultatlistene frå samtlege renn våre løparar her delteke på. Du vil finne 723 bilder fordelt på 27 galleri og vidare vil du finne nærare 30 avisreportasjar (pdf), som omhandlar Stordal Alpin og våre løparar. Med det første vil vi også legge ut det flotte sesongheftet der. Inntil vidare kan du hygge deg med fjorårets utgåve.

Sjølv om sesongen går mot slutten no, er det likevel mange renn at for FIS-løparane våre. (les om dei flotte resultata deira dag for dag) I tillegg skal ein del løparar til Hemsedal, siste helga i april. Sesongen er ikkje over før vi skriv 1. mai, då det er renn i Funesdalen i Sverige.

Vi vil halde fram med å halde deg oppdatert også resten av sesongen og sjølvsagt er vi klare att med meir interessant stoff etter ein kort sommarpause.

VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel