|
|
 |
Ny NM-bronse til Ingrid i Super-kombi! Vegard og Erika med kvar sin 4.plass i FIS-rennet!
Skrive av:
Magne Tøsse Innlagt den 20.01.2012
Ingrid slo til med nok ein medalje under dagens Super-kombi under junior-NM! Og med seg på seierspallen får ho med seg Spjelkavikløparen Eirin Engeset som gjekk heilt til topps etter ein meget sterk slalåmomgang. Ingrid la grunnlaget i utfordelen der ho var aller best av samtlege juniorer! Erika tok ein flott 4.plass i FIS-rennet (ikkje NM) etter å ha gjennomført ein meget sterk utfor der ho var 3.best. Vegard låg på 14.plass etter utforen men slo til med ein kanonomgang i slalåmen og også han vart nr 4, blant herrane. For ein kjempedag på Hafjell! Resultater frå alle disipliner og JrNM kjem her etterkvart. Laurdag er det Super-G både FIS og med innlagt jrNM for Ingrid. Du kan igjen følge våre LIVE frå ca kl 10.30 .
Erika med sterk utfordel...
Vegard med nok ein kanonomgang i slalåmdelen
..og Ingrid med bronse nr 2 på 2 dager... kva skjer i morgon skal tru??
|
|