Ny, kjekk barmarkssamling i Stordalshallen
Skrive av:
Hallgeir Hove Innlagt den 21.11.2010
30 alpinistar, frå 6 til14 år, deltok på samlinga i Stordalshallen i dag. I løpet av den 5 timar lange samlinga fekk dei vere med på mykje spanande og sjølvsagt ekstra stas med nydeleg taco-middag i grendasalen som avslutning.
Opplegget starta i grendasalen, med ein kort gjennomgong av opplegget og med påfyljande oppvarming med Zumba. Utøvarane var delte inn i fire grupper, som roterte frå stasjon til stasjon med ca 40 minutt aktivitet på kvar stad. På skytebana var det Odd Einar og Harry som styrte det heile. I klatreveggen var det Helga, Åsmund og Hallgeir, som tok seg av instruksjonen. Olav Grønningsæter hadde med seg mykje spanande utstyr og supplert med utstyr frå Stordalshallen, bydde stasjonen hans på mykje moro aktivitet. Brian og Unn Mari var gode medhjelparar der. I tillegg til instruktørane frå eigne rekkjer, var også Einar Vegsundvåg med. Han tok seg av turninga på team-track´n og det gjorde han på ein utmerka måte.
Bjørghild, Jill Mari, Vibeke, Unn Mari m.fl., sytte for at det var både frukt og drikke undervegs og tacoåltid til slutt. I samband med fellesmiddagen vart det også synt fram hudrevis av bilder frå aktivitetar og renn, det siste året.
I løpet av samlinga fekk ein også meldingar frå korleis det hadde gått med våre FIS-løparar og det var stor stemning når ein fekk vite at Vegard hadde køyrt inn til ein historisk pallplass! (sjå eigne reportasjar, der det også er verd å merke seg den solide 2. omgongen og plasseringa til Erika og god køyring også av Jørgen)
I tillegg til at dei eldste løparane var opptekne med renn, var det også KM-fotball for G-14 denne helga. Dermed må ein kunne slå fast at deltakinga på samlinga var særs god.
Om litt vil ca 30 bilder frå samlinga i dag, hamne i nytt galleri. Ta deg ein kikk og sjå kor kjekt oss hadde det då vel.
|