|
|
 |
Ny flott klubbsamling
Skrive av:
Hallgeir Hove Innlagt den 08.11.2010
Også denne helga har alpinistane våre vore med på klubbsamling på Bjorli og det vart vist mykje god køyring. På fredagen var det storslalom som stod på programmet, medan det vart køyrt slalom på laurdag og søndag. Til liks med sist helg var det Erik Skaslien som hadde hovudansvaret godt hjelpen av klubbtrenarar.
Bjorligard var base også denne helga og det er liten tvil i at både store og små trivast godt der. I tillegg til dei gode øktene i bakken var det lagt opp til teoriøkter på hotellet (både videoanalyse og anna). Badebassenget og badestampen omslutta av snø, er sjølvsagt også kjekt for dei unge alpinistane.
Vi har også denne gongen lagt ut nokre løparbilder frå samlinga. Sjå alle galleria våre i menyvalet til venstre. (Dei nyaste galleria ligg nederst)
|
|