Stordal IL

Nærare 50 store og små klare

Skrive av: Hallgeir Hove
Innlagt den 19.11.2010

Etter ei kjapp runde med påmelding i går, viser det seg at det vert god oppslutning kring barmarkssamlinga førstkomande søndag (21. november) Dette var i og for seg ikkje uventa, men ekstra flott er det sjølvsagt at det vert så mange, når vi veit at våre FIS-løparar er i aksjon og at mange av trenarane og foreldra er i aksjon i samband med avviklinga av FIS-renn på Bjorli.

Opplegget på søndag vil gå etter denne malen (tidsplanen):

Kl 11.00 Alle deltakarane skal vere klare til starte opp. Dermed vil det sikkert vere lurt å vere på plass ei tid før dette.

Kl 11.00 - 11.30 Oppvarming med Zumba.

Kl 11.30 - 14.30 Skyting, klatring, turn-aktivitet og mange andre aktivitetar.

Vi deler inn i fire nokonlunde like store grupper, i høve til alder, der det vert lagt opp til ca 40 minutt pr stasjon før ein roterer frå den eine stasjonen til den andre. Mellom kvar stasjon vert det høve til å ta inn litt mat og drikke. Frukt vert også tilgjengeleg.

Kl 14.30 - 15.00 Dusj/ombytte

Kl 15.00 - 16.00 Fellesmiddag i grendasalen. På menyen står det Taco (og pølse til dei som evt ikkje likar dette)

I samband med middagen vert det vist fram ein del bilder frå renn og aktivitetar elles, det siste året.

DETTE SKAL BLI KJEKT!

Hugs å ta med kontanter for å dekke eigenandel på middag. Det er elles sett opp liste på kven som skal gjere kva i løpet av dagen, men det er viktig at alle dei vaksne vert med og bidreg både i høve til sjølve gjennomføringa og ikkje minst i høve til oppryddinga i etterkant.

Alle må ta med nistepakke til lunch. Vi kjøper inn drikke både til lunch og middag. Det blir også et fruktmåltid.

VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel