Stordal IL

Meget vellukka kretssamling på Juvass sist helg

Skrive av: Magne Tøsse
Innlagt den 28.09.2010

Over 40 løparar i alderen 10 til 15 år deltok. Dei vart delte inn i 3 grupper der Erik Skaslien, Christian Olsen, Arve Hovdenak og Kristian Mork var trenarar. Dei gjorde alle ein flott jobb med utøvarane og fortjener ros for arbeidet sitt! Frå Stordal Alpin stilte 12 løparar.

Kretssamlinga på Juvassbreen starta med regn og ufyselege verforhold på torsdagen, men etterkvart vart det berre betre og betre forhold, både for løparar og oss andre. Søndagen vart på alle måtar ein strålande dag og slike dagar er det ekstra kjekt å presentere bilder frå. Sjå vårt bildearkiv for mange flotte bilder som Hallgeir har teke.

Samlinga var meget vellukka, sjølv om veret var noko guffent første delen. Det ligg mykje læring også i det å kunne tackle slike forhold og både trenarkreftene og utøvarane sjølve, bidrog til at utbyttet vart stort.

VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel