Stordal IL

Mathilde og Kristiane, klassevinnarar i Sparebanken Møre Cup 2010!

Skrive av: Hallgeir Hove
Innlagt den 13.04.2010

Mathilde Vinje Øvrebust tok 1. plass i 11 års klassa. I denne klassa kom i tillegg Julie Olsen Almås på 3. plass. Kristiane Nakken tok 1. plass i 12 og 13 års klassa. I tillegg til dette vart det 2. plass til Andrea Vinje Tøsse og 3. plass til Kine Kvammen Tøsse i denne klassa. I klasse 14 og 15 år, vart det 2. plass til Ingrid Busengdal. Kjempeflott prestasjon av jentene! GRATULERER!

Vi kjem attende med fleire detaljar her, etter at den fullstendige lista vert tilgjengeleg. Mange av dei eldste løparane hadde ikkje høve til å delta på Stranda, då dei var opptekne med Junior-NM. (sjå eigne reportasjar, med strålande plasseringar)

Endeleg er også bilder frå premieutdelinga på plass i galleriet vårt! Du finn det, som vanleg i menyvalet til venstre. Der finn du også 84 bilder frå det flotte arrangementet på Stranda.

VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel