Stordal IL

Live-timing frå Hafjell frå tirsdag kl.10.15

Skrive av: Magne Tøsse
Innlagt den 17.01.2012

Måndagen fekk juniorane våre køyrt parti av utforløypa. Tirsdag er det så klart for full løype og det er også klart for "LIVE-timing" . Det betyr at du kan følge Erika, Ingrid og dei andre damene når dei set utfor kl.10.15. Vegard og gutta starter sin første treningsomgang kl.11.20. Truleg vert det 2 gjennomkøyringar tirsdag. Rapportane måndag kveld går på at alle våre har hatt ein fin førstedag og no gleder seg til å starte Fartsveka skikkeleg tirsdag morgon. Erika start nr 5, Ingrid nr 10 av dei 72 startande jentene. Vegard start nr 8 av heile 117 herrer. Startlister, resultater og detaljert program finn du her på Lillehammer Skiklubbs heimeside.

Erika start nr 5 på tirsdagens trening - her frå Super-G treninga på Bjorli søndag

Ingrid start nr 10 på tirsdagens trening - her frå Super-G treninga på Bjorli søndag

Vegard start nr 8 på tirsdagens trening - her frå Super-G treninga på Bjorli søndag

Trenar Erik Skaslien gleder seg også til at løparane hans får teste seg i utforløypa tirsdag

Vegard og Erika

VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel