Stordal IL

Leverte varene

Skrive av: Hallgeir Hove
Innlagt den 20.10.2010

Både Ole Ivars, Dansebandet og dei mange frå alpingruppa, som stod bak Dansegallaen i Stordalshallen sist laurdag, innfridde verkeleg.

Det ligg naturlegvis enormt med arbeid bak eit slikt arrangement og det er ikkje til å legge skjul på at ein gjerne hadde sett at det kom nokre hundre personar til. Like fullt kan ein nok ein gong konstatere at det er nettopp i Stordalshallen og med Stordal Alpin som arrangør, at ein får den store opplevinga. Makan til tilfredse gjestar er det nok ikkje lett å finne. Slik sett kan det tyde på at "omdømet" vårt ikkje er svekka etter helgas dansegalla og at publikum også ved neste korsveg vil strøyme til. Vi vel å tru at det vert lagt merke til kor flott det er å delta på dette og at dei nærare 400 som var på plass vert ambassadørar i så måte.

Stordalshallen har laga reportasje frå Dansegallaen. Den kan du lese her

VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel