Landsfinalen på Oppdal 2010 - ein stor suksess for Stordal Alpin
Skrive av:
Magne Tøsse Innlagt den 29.03.2010
3 av 9 medaljer i jenteklassa gjekk til Stordal, og vi var veldig nær 4 av 9! Og lagmessig kom alle dei 5 jentene våre inn på premieplass. To av dei er også førsteårs i klassa. Vi gratulerer Rebekka, Vibeke, Kine, Andrea og Kristiane med flott innsats og som gode ambassadører for klubben vår! Les meir om resultata frå Landsfinalen under
I årets Landsfinale - som er rekna som eit Norgesmesterskap for 12-13 åringar - deltok heile 85 jenter frå Narvik i nord til Kristiansand i sør. Dette er løparar som har kvalifisert seg gjennom renn i kvar av dei 16 skikretsane kring i landet. Her stiller med andre ord dei beste frå kvart distrikt på startstreken. Det er derfor med stoltheit vi her kan oppsummere resultata til Stordal sine løparar.
Kristiane Nakken tok ein sølvmedalje og to bronse i dei tre øvelsane. Fantastisk prestasjon av Kristiane som var kun 0,09 sekund frå gullet i Super-G konkurransen! Ingen andre av dei 85 jentene tok medalje i samtlege øvelsar. (sjå også omtale i reportasjer frå dei enkelte øvelsane)
Andrea Vinje Tøsse tok ein glimrande 4.plass i søndagens slalåm, kun 0,28 sek frå pallen og bronse. Ho vart nr 9 i Super-G og nr 23 i storslalåm. Eit meget bra mesterskap også av Andrea!
Kine Kvammen Tøsse tok 13.plass i SL, 15.plass i SSL og 30.plass i Super-G. I laurdagens SSL hadde ho 7.beste tid i 2.omgang! Flott levert også av Kine!
Vibeke Inselset og Rebekka Helland er førsteårs-løparar i denne klassa. Begge to fekk oppleve å representere Møre og Romsdal skikrets under Landsfinalen, og har skaffa seg god erfaring til neste års mesterskap. At dei begge greidde å ta premieplass i kvar sin øvelse, er veldig bra prestert av dei. Vibeke fekk premie for sin 37.plass i storslalåm. Rebekka premie for sin 43.plass i slalåm. Det var totalt 85 jenter i denne klassa. Dei hevda seg begge godt blandt dei andre 98-årgangane som deltok.
Av andre fine prestasjoner blant løparane frå kretsen vår nevner vi Børge Skar Eriksen(Spjelkavik) med ein meget sterk 6.plass i slalåm, Mathias Hjelset (Sykkylven) med flott 11.plass i Super-G, og Ole Kristian Aarseth (Stranda) med 13. og 14.plass i SL/SSL. Sterke resultat også på desse gutane. Møre og Romsdal vann også bronse i kretskonkurransen, etter dei to store kretsane Akershus og Oslo.
Her finn du komplette resultatlister over alle 3 disipliner frå Landsfinalen.
Kine Kvammen Tøsse, Rebekka Helland, Kristiane Nakken, Andrea Vinje Tøsse og Vibeke Inselset med flotte prestasjoner under Landsfinalen på Oppdal
|