Stordal IL

Kristiane med ny bronsemedalje!

Skrive av: Hallgeir Hove
Innlagt den 27.03.2010

Andre konkurransedag av Landsfinalen for 12 og 13 åringane på Oppdal er over og vi kan glede oss over nok ein pallplass.

Under gårsdagens Super-G køyrde Kristiane Nakken inn til 3. plass, berre 9 hundredeler bak vinnaren og berre 3 hundredeler bak jenta på 2. plass. I dag var det storslålom som stod på programmet og Kristiane køyrde glimrande enno ein gong. Etter 1. omgong låg ho på 2. plass og etter god køyring også i 2. omgong sikra ho sin andre medalje på to dagar! FANTASTISK!

Kine Kvammen Tøsse er også på god veg tilbake, etter at ho fekk ein smell i låret, under treninga på torsdag. Ho enda på ein flott 15. plass og spesielt 2. omgongen var solid, då ho hadde 7. beste tid.

Andrea kom på 23. plass og Vibeke på 37. plass (bra plassering det, av jenta som køyrer mot dei som er året eldre) Rebekka var uheldig og køyrde ut i 1. omgong.

I morgon er det slalom som står for tur på Oppdal, med nye sjansar og nye muligheiter for dei flinke utøvarane våre. Følg med på ONLINE TIMING (sjå menyvalet øverst til venstre)

Kristiane i aksjon tidlegare denne sesongen.

VÅRE SPONSORAR

Arena Overøye





Stordal Møbler
Grasrotandel