Kretssamling på Juvass torsdag 23. - søndag 26.september
Skrive av:
Magne Tøsse Innlagt den 14.09.2010
Samlinga er for løparar født i 1999 og eldre. Påmelding til vibeke@helland.no innan onsdag 15.9.kl.18.00 Les detaljar og invitasjonen frå skikretsen under her....
Breiddesamling på Juvass :
Kretsen inviterer til breddesamling for løparar fødd 1999 og eldre frå torsdag 23. til søndag 26. september.
Gruppa vil truleg bestå av løparar som har si første skiøkt for hausten, og av løparar som har vore noko på ski. På bakgrunn av dette vil det bli fokus på grunnteknikk/basisøvingar og enkle løypemodular mm.
Det vil bli køyrt SSL og SL på samlinga, og vi startar opp med SL på torsdagen.
Oppmøte torsdag 23. september kl. 09.45 ved påstiginga.
Trenarar er Erik Skaslien med fleire.
Det vil bli sendt ut program/gruppeinndeling og deltakarliste til klubbane før samlinga.
Eigenandel er sett til kr. 100,- pr. dag pr. løpar. Beløpet blir fakturert løparane/klubbane i etterkant.
Kretsen har reservert overnatting på Raubergstulen, Nordahl og Fossberg og må samtidig ha namn på dei som har behov for det.
Det er ikkje bestemt kva overnattings- tilbod dei går for. Det avheng av antall påmeldte. Pris er derfor vanskelig å oppgi på forhand.
Påmelding innan onsdag kl. 18.00 til vibeke@helland.no
|